Cultivating Stories
+++ALLE PLASSANE FOR Å DELTA ER NO TEKNE+++
•Introduksjon av urkorn og surdeig
•Med Anders Næss (Spesialkorn) og Mariann Kvarme (Bakstehuset)
•Som ein del av Cultivating Stories fra Åsa Sonjasdotter
•Gratis adgang
•På engelsk
•Bakstehuset, Askvegen 451, 5307 Ask (Askøy)
•Opmøtested bus-shuttle: 17.00, Belgin, Rasmus Meyers allé 3, 5015 Bergen
Som ein del av Åsa Sonjasdotters kunstnariske bidrag til Bergen Assembly 2019 vil vi hjarteleg invitere til bakeverkstad og demonstrasjon av urkorn og surdeig på Bakstehuset på Askøy.
Historia mellom korn og menneske er lang. Korn er ein av dei viktigaste kjeldene vi har for vitaminar og mineralar og har følgt oss sidan vi byrja med jordbruk. Men korleis har kornet, og nytteforholdet vårt til det, utvikla seg sidan den gong?
På Bakstehuset på Askøy får vi eit nærmare blikk inn i kornets historie og eigenskapar av Anders Næss frå Spesialkorn, samt ein demonstrasjon av korleis vi bakar med surdeig med Bakstehusets eigen Mariann Kvarme. Det er også mogleg å kjøpe med seg nokre smakfulle bakverk.
Tilbodet er gratis å delta på, og der vert satt opp transport frå Belgin (Rasmus Meyers Allé 3) kl. 17:00 med retur tilbake frå Askøy kl. 21:00. Ein kan også reise på eigenhand via buss eller bil. Då det berre er plass til ni deltakarar, ber vi om at du melder deg opp per e-post til events@bergenassembly.no på førehand.
Anders Næss har drive økologisk korngard i Buskerud i 20 år og vore gründer for mølle- og såvarebedrifta Økologisk Spesialkorn (som no eigas av 11 økokorn bønder). Han kan mykje om eldre kornsortar både når det gjeld dyrking, næringsinnhald og bake-eigenskapar. Elles er han ein ivrig surdeigsbakar for testing av korn. Favorittmjøl: Spelt, Emmer og Svedjerug.
Mariann Kvarme driv det økologiske, vedfyrte bakeriet Bakstehuset saman med familien sin på Askøy. Der bakar dei med dei beste og reinaste økologiske råvarene som helst er kortreiste. Som dei sjølv seier: ikkje noko juks, berre ærleg bakst!
Åsa Sonjasdotter er kunstner, stipendiat ved Akademin Valand i Gøteborg i Sverige, og er en av grunnleggerne av The Neighbourhood Academy, et nedenfra-og-opp-læringssted og en gren av Prinzessinnengarten, en byhage i Berlin. Cultivating Stories er en installasjon i tre deler på Bergen Assembly 2019, og en videreføring av Åsa Sonjasdotters mangeårige utforsking av planters historie og dyrkingen av dem. Les mer…